Program Vaksdal SV 2023 - 2027

For dei mange – ikkje for dei få!


Dei siste fire åra har SV vore ein del av fleirtalet som har styrt Vaksdal kommune. Dette har vore ein «første gong» for oss på alt. Eit halvt år etter valet vart verda, Noreg – og Vaksdal stengt ned i koronaepidemi – noko som skulle ta ekstremt mykje tid og fokus for oss alle dei neste to åra. Midt oppi dette har vi saman med samarbeidspartia vore utolmodige på å gjere politikk for Vaksdal og alle som bur her.

Framgang i K5 prosjektet, Oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen, ny skule på Vaksdal, ny brannstasjon, gratis skulemat på ungdomsskulen, solskjerming på sjukeheimane, gratis sanitærprodukt i skulen, årsturnus, ICAN – kommune, sommarjobbar for unge mellom 16 og 18, næringsarbeid og nytt omsorgsbygg som reiser seg på Vaksdal – små, store og veldig store saker som har ein felles nemnar – dei er resultat av fire år med politikk i vår eigen kommune.

SV går til val med mål om at det skal vere betre å bu i vår kommune om fire år enn i dag. For å nå dette målet treng vi sterke fellesskap, frivillige organisasjonar, dugnadsfolk og menneske i alle aldrar som vil noko. Kva som er dei viktigaste sakene er det innbyggjarane i kommunen som bestemmer. Håper at mange har lyst å vere med oss på reisa mot nye mål. Godt val!


Hovudsaker

  1. Folketalsvekst
  2. Byggestart K5 i 2024!
  3. Ta naturvern og klima på alvor
  4. Verdig eldreomsorg
  5. Ny barnehage på Dale
  6. Gratis helsetenester for ungdom
  7. Heile stillingar i kommunen og auka grunnbemanning
  8. Gratis SFO
  9. Vaksdal som oppdrettsfri kommune
  10. Nei til landbasert vindkraft!


Klima, miljø og friluftsliv

Kommunen vår har ein særprega og mangfaldig natur, med nærleik til fjell og sjø. SV vil sikra alle tilgang til naturopplevingar og hindra privatisering av strandsona og fjellet. Biologisk mangfald skal oppretthaldast gjennom td. auka vassføring i elvane og forbod mot nedtapping av fjellvatn. Eksisterande hyttefelt må fortettast heller enn å etablera nye. SV vil sikre allemannsretten - fjell og sjø for alle!

SV seier ja til ein fjord fri for oppdrettsanlegg av omsyn til villaksestamma og rekreasjon for folk flest på vår viktigaste allmenning – fjorden. SV er eit naturvernparti og seier nei til kraftutbygging i alle vassdrag, nei til landbasert vindkraft og nei til nye høgspentliner i Vaksdals fjella.

ENØK

SV vil arbeida saman med innbyggjarane våre for at krafta som vert produsert i kommunen skal gå til fellesskap og nytte, ikkje støy og kryptomining. SV seier nei til datasenter som ikkje er i offentleg eige. SV vil at kommunen skal halde fram med ENØK stønad til hushaldningar. Energibruk i offentlege og private bygg må i framtida reduserast. SV vil i perioden greia ut endringar i bruk av konsesjonskraft i eigen kommune til innbyggjarar og næringsliv.

Lokaldemokrati

SV ønskjer stemmerett for 16 åringane, og at vi nyttar oss av moglegheitene til å invitere inn ungdom som fullverdige deltakarar i lokaldemokratiet. Ungdomsrådet må styrkast og ungdom si røyst gjerast sterkare i kommunen. SV vil at leiar i ungdomsrådet skal få møte og talerett i kommunestyret i saker som gjeld ungdom.

Skule og barnehage

Nærskule - prinsippet skal gjelde for alle born i vår kommune. SV vil ha meir ressursar inn i skulekvardagen. Fleire lærarar! SV ønskjer Helsesjukepleiar og miljøterapeut meir aktivt inn i skulen med betre ungdomsretta tilbod. SV vil utvide skulematordninga til barneskulen og innføre leksefri skule.SV vil sikre elevane våre læremiddel på nynorsk og vil prioritere skulebøkene tilbake i skulen. Digitale løysingar i skulen skal so langt råd nytte nynorsk.

SV vil sikre barnehageplass der borna bur og at ny barnehage skal vere på plass på Dale i 2025. Vi vil arbeida for gratis SFO og at SFO og barnehagar har opningstider tilpassa pendlartoga.

Born og unge

Kommunen skal vere ein aktiv støttespelar og tilretteleggjar i det frivillige idrettsarbeidet.
SV skal arbeide for at barnevernsløftet vert gjennomført i vår kommune. Ungdomsklubbane skal utviklast og fleire møteplassar for ungdom etablerast. SV ønskjer å tilsette klubbleiarar til ungdomsklubbane. Det vil gje auka kvalitet og stabilitet som ei støtte til det frivillige arbeidet.Idrettslaga er mellom dei viktigaste frivillige i born og unge sin oppvekst. Kommunen skal vere ein pådrivar for å gjere idrettsanlegga våre til gode møteplassar for aktivitet.

Ein verdig alderdom – Leve heile livet.

Alle eldre som treng det skal ha rett til eit verdig omsorgstilbod i offentleg regi. Tilbodet til eldre menneske må vera tilpassa den einskilde. SV seier nei til alle former for privatisering og vikarbruk frå private aktørar. SV seier ja til heildøgnsplassar på Dale og Vaksdal og ja til auka grunnbemanning i helse og meistring. SV vil arbeida for at ein etablerer kjøken på institusjonane.

Våren 2024 opnar nytt omsorgsbygg på Vaksdal og ressurssenteret skal utviklast vidare som tilbod for heile kommunen. På Daletunet skal ein i perioden rive 1930 bygget og utvikle Daletunet vidare med kortidsplassar, eldrebustader og fleire omsorg + bustader. SV meiner det skal vere tilbod der folk bur.

Helsetenester til alle

SV vil styrke og ivareta kommunelegekontoret på Dale og ta vare på fastlegane våre. Samstundes må kommunen ivareta innbyggjarane sine interesser i høve legevaktordninga.

SV vil innføre gratis helse og legetenester for ungdom under 18 år og styrke helsestasjon og få på plass ei utvida jordmorteneste.

SV vil at Vaksdal skal betre svangerskapsomsorg for innvandrarkvinner, som td. MiPreg. SV vil auke tilbodet om gratis testing i livmorhalsprogrammet, samt syte for at alle som er i målgruppa - men ikkje har fått HPV vaksine, skal få tilbod gratis. Kvinnehelse skal takast på alvor!

Bustadpolitikk

SV meiner kommunen sin bustadpolitikk først og fremst skal prioritera dei gruppene som fell

utanfor bustadmarknaden, og vil arbeide for plan og utvikling av bustader i kommunal regi.SV vil der det er mogleg, sikre areal til bustader og utvikle nye område på Vaksdal til bustadføremål. Vidare byggetrinn på Stanghelle og nye område for bustadsutviklingmå legge vekt på variasjon i storleik på bustader

Tettstadsutvikling

SV vil arbeida for vidare opprusting av kommunesenteret Dale. Attraktive gatemiljø gjev ringverknader i form av auka trivsel, og attraktivitet for nyetableringar og nye bustader. Samstundes vil SV ha fokus på bygdesentra Vaksdal, Stanghelle og Stamnes og prioritera desentraliserte offentlege tenester. Tettstadsutvikling handlar og om historisk vern av bygningar som har stor verdi for trivnad og identitet. Det handlar om vedlikehald på offentleg eigedom, og å skapa møteplassar for innbyggjarane. Senterparken og gatå skal vidareutviklast som møtestadar og vi skal ta vare på Jebsahuset og sikre god etterbruk av tomta til Dalehallen.

Kommunal eigedom.

Kommunen har dei siste åra investert i nye flotte skular, barnehagar og omsorgsbygg. SV vil etablere eit vedlikehaldsfond på inntil 1 % av investert kostnad årleg for å motverke vedlikehaldsetterslep og ta vare på kommunen sine eigedomar.

Samferdsle

Den viktigaste føresetnaden for fleire innbyggjarar i kommunen er at kommunikasjonen mot Bergen og Voss vert betra radikalt. Dette betyr mellom anna: fleire avgangar, fleire "pendlartog", og nattog frå Bergen fleire dagar i veka. SV vil arbeida for at Vaksdal vert ein del av takstsona i Bergen på tog og buss. SV vil arbeida for gratis servicelinjer (buss) frå grendene til kommunesenteret.

K5

SV har vore garantisten for framdrifta av K5, og forutset samstundes oppstart på veg og bane i Vaksdal. SV vil arbeida for trafikk- og støyskjerming på E16 og toglina i anleggsperioden og gjere ulempene minst mogleg. Kommunen må arbeide for å redusere dumping av stein i fjorden og saman med prosjektet finne dei løysingane som gjev minst skade. SV vil og arbeide for at eksisterande jernbaneline vert omgjort til gang og sykkelveg.

Fiber

Vaksdal er ein vidstrakt kommune. Dette krev eit godt utbygd kommunikasjonstilbod. Kommunen må leggja til rette for at alle skal ha god tilgang til fiberbreiband. SV vil arbeida for å sikra utbygging av fiber til heile kommunen.

Kultur

SV ynskjer eit stort kulturelt mangfald. Vi vil at smalare kulturaktivitetar og verksemd for uorganisert ungdom skal ha gode kår. Kulturskulen må styrkast og gje eit desentralisert tilbod i heile kommunen. SV vil arbeida for å styrka biblioteka som møteplass og gratis tilbod for alle.

SV vil sikre at kommunen tek aktiv del i etablering av Opplevingssenter på Vaksdal mølle/Felleskjøpet og sikrar oppstart og drift.

AO – senteret.

AO senteret skal utviklast og styrkast som ei av dei viktigaste satsingane for kommunen. Ein moderne arbeidsmarknadsbedrift med fleire oppgåver og fleire menneske.

Landbruk

Landbruk og lokal mattradisjon og kultur er viktige næringar i kommunen vår. Kommunen skal vere ein aktiv medspelar for landbruket og utvikling av matproduksjon lokalt. Nytt næringsfond skal gjere det meir lønsamt og betre å drive primærnæring i kommunen i framtida.

Kortreist næringsliv

Kommunen skal saman med «Nye VNS» og næringsrådet vere tilretteleggjar for ny næring i Vaksdal, samstundes som det er avgjerande at eksisterande næringsliv vert ivareteke. Kommunen skal vere ein medspelar for næringslivet og utnytte dei moglegheitene som finst i lovverket for å stø opp om kortreist vare og tenesteproduksjon. Ein skal i samarbeid med næringslivet være pådrivar for omstilling i det grøne skiftet.

Turisme

Støtte til utvikling av berekraftig turisme i Vaksdal vert viktig i åra framover. Unike opplevingar i ein unik kommune. SV vil og sjå på moglegheitene for å etablere bubilpark på Sandliane på Dale. Moglegheit for overnatting i kommunen må bli betre.

Folketal

Framtida til Vaksdal kommune er å stabilisere og auke folketalet. SV meiner det viktigaste kommunen kan gjere er å utvikle det offentlege tenestetilbodet best mogleg. I tillegg må kommunen legge til rette areal for arbeidsplassar lokalt og vere ein pådrivar for at pendlarane våre har moglegheit til å pendle.

Kommunen som arbeidsgjevar

For SV er det viktig med deltaking i arbeidslivet og at alle skal ha ei løn å leva av. Heile stillingar skal vere ein rett - det gjev økonomisk tryggleik og sjølvstende for den einskilde, både som lønnstakar og seinare som pensjonist. Vaksdal kommune skal vere ei frisone for velferdsproffitørar – ja til eigne tilsette. Kommunen skal i perioden utvide tal lærlingar og i fleire fag i kommunen. Dette er etter SV si meining den beste måten å møte utfordring med rekruttering i framtida.

Kommunen som innkjøpar

Vaksdal skal bruke kjøparmakta si til å hindre sosial dumping, krevje tariffavtalar og ha som målsetting at langt fleire innkjøp vert gjort lokalt. Rammeavtalar skal ikkje vere til hinder for lokalt næringsliv. Kommunen skal og stille miljøkrav i alle innkjøp.

Kvinner og likestilling

Ei løn å leva av og ei løn å leva med! Dette er og eit likestillingskrav.Rett til heiltid, utvidaopningstider i barnehage og SFO, omsorgstilbod for eldre, trygge vegar og rimelegkollektivtransport handlar omkorleis livet kan levast

Likeverd og mangfald

Fleirkultur er ein ressurs i arbeids- og samfunnsliv, og vi er avhengige av både fleirkulturell forståing og kompetanse på alle plan – både i og utanfor kommunale verksemder. Synleggjering og verdsetting av mangfald handlar ikkje minst om ivaretaking av skeive sine rettar på alle plan i samfunnet vårt, og ei anerkjenning av det mangfaldet som finst av seksuelle orienteringar, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk

Solidaritet

Vaksdal kommune skal vere ein open, inkluderande kommune utan rasisme og framandfrykt. Vaksdal kommune skal halde fram å ta mot flyktningar etter tilråding frå IMDI.

Vaksdal mot verda

Vaksdal har dei siste åra vorte medlem av Transperancy, sagt Nei til atomvåpen gjennom ICAN og med på opprop om å ta mot flyktningar frå Moria. Samstundes har vi som kommune solidarisk støtta opp om flyktningar frå krigen i Ukraina og Syria. Internasjonal solidaritet har aldri vore viktigare enn no. Dette er ein dugnad heile Vaksdal må ta del i dei neste fire åra!